Byggesøknadar

Vi har sentral godkjenning som ansvarleg søkjar (SØK). Dette vil omfatte utarbeiding av byggesøknad og oppfølging av dei ulike aktørane under byggefasen. Det er SØK sitt ansvar at aktørane brukar kvalitetssystemet slik dei har dokumentert i søknaden. SØK er også kontaktpersonen til kommunen og bindeleddet mellom myndigheitene og byggeplassen. Vi nyttar i all hovudsak Byggsøk på internett. Dette fører til mindre papir og meir effektiv prosess.

Ansvarlegsøkar

Ansvarleg søkar er tiltakshavars representant ovanfor kommunen, og har ansvar for at søknaden inneheld nødvendige opplysningar for at kommunen skal kunne ta stilling til om tiltaket er i samsvar med bestemmelsar og løyver gitt i eller i medhold av plan- og bygningslova. Ansvarleg søkar skal samordne dei ansvarlege prosjekterande, utførande og kontrollerande, og påsjå at alle oppgåver er belagt med ansvar. Ansvarleg søkar har ansvar for at tiltaket blir avslutta ved innsending av nødvendige opplysningar slik at kommunen kan gje ferdigattest.

SAK 10 § 12-2. Ansvarleg søkars ansvar

I tillegg til ansvar etter plan- og bygningsloven § 23-4 har ansvarleg søkar ansvar for:

  • å delta i førehandskonferanse der tiltakshavar ynskjer det
  • å varsle om planlagde tiltak til naboar, vere mottakar av merknadar og gjere ei vurdering av desse , jf. plan- og bygningslova § 21-2 og § 21-3
  • at søknad om løyve, eventuelt rammeløyve og igangsettingsløyve, inneheld alle opplysningar som er nødvendig for å vise at tiltaket oppfyller krav gitt i eller med hjemmel i plan- og bygningsloven, jf. § 5-4, herunder tiltakets plassering, avklaring av behov for dispensasjon, utarbeiding og oppdatering av gjennomføringsplan og tilrettelegging for kontroll, og forslag til tiltaksklasser for fagområdene, jf. § 9-4 om tiltaksklasser og § 5-3 om gjennomføringsplan
  • å identifisere og avklare ansvarsområdene for dei ansvarlege føretak, både ved rammeløyve og igangsettingsløyve, og sende inn nødvendige søknadar om lokal godkjenning for ansvarsrett. Ansvarleg søkar har ansvar for at nødvendige underskrifter føreligg frå tiltakshaver og dei ansvarlege føretak. Ansvarleg søkar skal melde frå til kommunen ved manglar, endringar og opphør av ansvarsrettar
  • å påsjå at det blir utarbeidd avfallsplan, miljøsaneringsbeskrivelse, sluttrapport for avfallshåndtering og innhenta dokumentasjon for faktisk disponering av avfall
  • å påsjå at eventuelle sikringstiltak blir prosjektert og utført, jf. plan- og bygningsloven§ 28-2
  • å påsjå at dei ansvarlege føretak blir samordna der det er flere føretak og ansvaret for slik samordning ikkje er særleg vist i gjennomføringsplanen eller ansvarsrettssøknadane
  • å motta og videreformidle løyver, vilkår og pålegg til dei ansvarlege føretak, og sende søknad ved søknadspliktige endringar i tiltaket
  • å påsjå at nødvendig sluttkontroll blir gjennomført og innhente samsvarserklæringar frå ansvarleg prosjekterande og ansvarleg utførande, og kontrollerklæring frå kontrollerande for prosjektering og utførelse
  • å søke om ferdigattest, jf. § 8-1
  • å identifisere gjenståande arbeid, bekrefte at byggverket har tilfredsstillande sikkerheitsnivå, og å angi tidspunkt for ferdigstilling dersom det blir søkt om midlertidig bruksløyve
  • å legge til rette for kommunalt tilsyn
  • å påsjå at dokumentasjon for forvaltning, drift og vedlikehold etter § 8-2 føreligg, og overlevere denne til eigar mot kvittering