SOS brannconsult as

SOS brannconsult er lokalisert i Hallingdal og har kontor på Gol og Ål. I tillegg til Hallingdal har vi ein del oppdrag i Sogn og Fjordane og sørover i Buskerud. 

Vi kan ta på oss mange ulike typar oppdrag. I særleg grad brannteknisk bistand men vi har også god kompetanse innan byggesak, energiberekningar, byggeteknikk og avløpsanlegg.

Erfaring

Begge våre tilsette har om lag 20 års praksis i rådgjevarbransjen. Atle Magne har i tillegg lang erfaring som byggesakshandsamar i fleire kommunar. Han har også vore brannsjef i Gol kommune og er framleis befal i Hallingdal brannvesen. Torfinn har bak seg eit par år som bygningsingeniør i Oslo og var ferdig siv.ing. bygg i 1997. Han har noko erfaring med kommunalteknikk før han starta som brannrådgjevar i 1999.