Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Branndokumentasjon

§3-1 i Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn:

"Eier av særskilt brannobjekt skal sørge for at brannsikkerheten er tilfredsstillende dokumentert. Dokumentasjonen skal omfatte tekniske og organisatoriske tiltak, herunder vedlikeholds- og interne kontrollrutiner."

Vi har lang erfaring med utarbeiding av branndokumentasjonar. Dette er eit arbeid som bør gjerast i samarbeid med brannvernleiar i det aktuelle objektet. Det er han som skal bruke dokumentasjonen som eit verktøy i det daglege arbeidet.
Tidlegare var det mest vanleg å ha branndokumentasjonen i perm. Slike system har vist seg å ha til dels store svakheiter. No har internettbasert dokumentasjon overtatt som det mest aktuelle for dei fleste. Vi leverer eit system som blir kalla Hydradok. Dette er utarbeidd av Safetyweb AS.

Her er nokre av fordelane med branndokumentasjon på internett:

  • Dokumentasjonen er tilgjengeleg kvar som helst og når som helst for alle som har fått tilgang.
  • Det finst berre ein versjon og ingen kopiar som ikkje er ajour.
  • Forvaltarar av fleire bygningar har enkelt tilgang til alle dokumentasjonane frå kontoret.
  • Kontroll- og ettersynsrutiner blir enklare å følgje opp då systemet gir påminningar på e-post.
  • Alle avvik (feil og manglar) ved bygget kan registrerast. Ansvaret for utbetring av feilen blir plassert med tidsfrist og aktuell person får påminningar på e-post.
  • Brannvesenet kan få tilgang. Dei kan då gjere seg kjent med dokumentasjonen og bygget før dei kjem på besøk. Eit tilsyn vil blir meir effektivt og mindre tidkrevjande.

Personvernerklæring

Logg inn